It-folk med stygg klesstil

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den australske moteguruen Melanie Moss har kalla it-bransjen for dei verst kledde i heimlandet sitt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: smi-web.stanford.edu)(Ill: smi-web.stanford.edu)

(NPK): Den australske moteguruen Melanie Moss har kalla it-bransjen for dei verst kledde i heimlandet sitt.

Sjølv om ho snakka om folk på den andre sida av kloten, er det mogleg at it-folk i andre delar av verda, til dømes her i landet, føler seg trefte.

- Fordi it-folk slepp å vise seg for kundane heile tida, bryr dei seg ikkje så mykje.

Folk som jobbar i brukarstøtte er dei verste syndarane, tett følgd av dei som jobbar i nystarta selskap, seier Melanie Moss til avisa Sydney Morning Herald.

Desse jobbar gjerne i t-skjorte, som ein konsekvens av den uformelle web-stilen på 1990-talet.

Men Moss krev ikkje dress for at ein skal sjå bra ut. For henne held det med ei skjorte av god kvalitet og eit par kule bukser - så lenge dei passar saman, melder Computerworld. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Miljø
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi

Næringsliv
Reise og oppleving