TVNorge-sjef får pris for leiarstil
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Prisen er på 50.000 kroner og vart delt ut av HR Norge i samarbeid med Manpower.
Føremålet med prisen er å auke fokus på endringar og nytenking innan området personalleiing og organisasjonsutvikling i Noreg.
- Under leiinga til Morten Aass har TVNorge gjennomført ein stor snuoperasjon.
Selskapet har gått frå å vere ein marginal fjernsynskanal, prega av faglege, kommersielle og samarbeidsmessige problem, til å bli ein suksess på alle desse områda, seier dagleg leiar Even Bolstad i HR Norge.
TVNorge har som mål å bli Noregs beste arbeidsplass, noko dei for tida jobbar seriøst med. (NPK)