15 år med www
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Det var i byrjinga av 1990 at omgrepet «world wide web» vart innført.
Tim Berners-Lee publiserte det første hypertext-dokumentet på ei nettside 13. november det året, skriv Computerworld.
Mange trur at www er det same som «internett», men www er ein del av internett som kan lesast i ein nettlesar og der det kan lenkjast til andre dokument.
Berners-Lee vart i fjor slått til riddar av dronning Elizabeth for starten på www. I dag inneheld verdsveven milliardar av dokumentsider med tekst, bilete, musikk og video. (NPK)