- Situasjonen i Kongo er katastrofal

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helsesituasjonen i Kongo er katastrofal, åtvarar hjelpeorganisasjonen Legar utan grenser (MSF) i ein ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nairobi (NTB-AFP): Sjølv om det no vert meldt om færre valdshandlingar enn på lenge i det sentralafrikanske landet, er situasjonen for sivilbefolkninga «mørkare enn for fire år sidan», konkluderer rapporten.

Helsevesenet på landsbygda er brote heilt saman, og sivilbefolkninga vert påført store og unødvendige lidingar.

- Sjølv om freden har vendt tilbake til store delar av Kongo, er helsesituasjonen framleis alarmerande.

I staden for forbetringar ser vi at situasjonen er forverra i visse regionar, heiter det i MSF sin rapport som oppsummerer situasjonen som «katastrofal».

Mange døyr av sjukdommar som lett kunne ha vore førebygde, som malaria, diaré eller luftvegssjukdommar, og under halvparten av innbyggjarane i Kongo har tilgang til sjølv elementære helsetenester.

Over 2,5 millionar menneske måtte i følgje FN bøte med livet under den fem år lange borgarkrigen i Kongo, som var over i 2003. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving