Kvar tredje har museskade

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein tredel av unge vaksne som brukar data på jobben slit med såkalla «museplager».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: itpro.no)(Ill: itpro.no)

(NPK): Dette viser ei dansk undersøking utført av HK/Privat. Det er arbeidstakarar i alderen 20-29 år som er undersøkt, skriv Aftenposten.

- Det er ingen som er skapt til å sitje ved ein dataskjerm i åtte timar dagleg. Vi veit at når så mange er ramma av fysiske plager alt no, så kjem dette problemet til å bli kjempestort, seier arbeidsmiljøkonsulent Sven-Erik Hermansen.

Museplagene kan setje seg i hals, skuldrer, øvre del av ryggen, overarmane, olbogane, handledd og fingrar. Dei første symptoma kan oppstå alle desse stadene.

Dette kan føre til at ein kjenner seg trøytt, kjenslelaus, får stive ledd, kalde og ømme hender og koordinasjonsproblem.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving