Tung tysk hardrock på nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med knallhard industrimetall og konservative språkformar slår ein gjeng austlendingar eit slag for det nynorske språket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- I ei tid der sidemålet kan bli degradert til valfag, fryktar mange at nynorsken kjem til å døy ut som skriftspråk. Frykt ikkje, Rammsund held nynorsken i live:

Rammsund byr på knallhard rock med tyske tekstar omsett til nynorsk. (Foto: Privat, NPK)Rammsund byr på knallhard rock med tyske tekstar omsett til nynorsk. (Foto: Privat, NPK)

Med Rammsteins pulserande rytmar og beinharde riff, og med tekstane omsett til nynorsk, fortel vokalist Geir Ove Nordby i Rammsund med glimt i auget.

Mange kjenner det tyske hardrockbandet Rammstein. Med strenge uttrykk i andleta og knallharde gitarriff, har dei i løpet av dei siste åra vorte eit av verdas største rockeband.

Med store rockeband følgjer alltid mindre band som ønskjer å gjere cover-versjonar av låtane deira. Det er her Rammsund kjem inn, men med ein liten vri: Bandet omset nemleg dei tyske tekstane til nynorsk.

Sintare nynorsk


- Vi prøvde ei stund å omsetje tekstane til bokmål, men det let ikkje noko bra. Vi fann fort ut at nynorsk passar betre, det let sintare og meir bestemt, og så kjennest ordforrådet større. Det er viktig når ein skal bevare meininga i tekstane og samtidig få det til å rime, fortel Nordby.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vokalist Geir Ove Nordby i aksjon. (Foto: Privat, NPK)Vokalist Geir Ove Nordby i aksjon. (Foto: Privat, NPK)

Dei fem bandmedlemmene er alle frå Oslo og omegn, og er mellom 25 og 30 år. Ingen av dei har noko spesielt forhold til nynorsk utanom skulen. Vokalist Geir vedgår at det kan ha snike seg inn nokre feil her og der.

- Vi vil gjerne nytte konservative former. Men då blir det samtidig vanskelegare å få det heilt rett. I tillegg skal det rime, og rytmen må stemme, seier Nordby.

Det har førd til enkelte naudrim som: «Kritisert blir den som smerte kjenner/av elden som huden forbrenner».

- Nokre av originallåtane er nærast umogleg å omsetje riktig. Rammstein nyttar og dobbeltmeining for å provosere, noko som gjer at vi må velje ein betydning av ordet, fortel vokalisten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre positivt

Originalen: Det tyske bandet Rammstein har seld plater i bøtter og spann verda over, og er blant dei mest populære rockebanda i verda for tida. (Foto: Universal Music, NPK)Originalen: Det tyske bandet Rammstein har seld plater i bøtter og spann verda over, og er blant dei mest populære rockebanda i verda for tida. (Foto: Universal Music, NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølvaste Språkrådet har til og med trådd til med verdifull språkhjelp på fem av songane. Sjølv om språkvalet byr på enkelte problem blir det ikkje aktuelt å endre det.

- Om Rammstein hadde vore norske, er eg sikker på at dei hadde sunge på nynorsk, seier Geir Ove Nordby.

Tyske Rammstein har platekontrakt med plateselskapet Universal.

Promotionansvarleg Gjermund Moastuen i plateselskapet synst det er utelukkande positivt med Rammstein på nynorsk. Sjølv om han ikkje trur reklameverdien er spesielt stor.

- Rammstein er jo verkeleg store som band, så eg veit ikkje kor viktig det er reklamemessig at eit lite, norsk coverband syng låtane deira på nynorsk. Men det handlar om kunstnarisk fridom dette, det viktigaste er at dei har det artig, seier Moastuen.

Norske Rammsund spelar på konsertstaden John Dee i Oslo den 13. januar neste år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving