Israelske soldater drepte Hamas-leiar

Israelske styrkar rykte natt til måndag inn i Nablus på vestbredda og drepte ein av Hamas-rørsla sine militære leiarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto:english.epochtimes.com)(Foto:english.epochtimes.com)

Nablus (NTB-AFP-Reuters): Ifølgje augevitne deltok minst 15 israelske militærkjøretøy under operasjonen, der det blei slått til mot fleire mål i byen.

34 år gamle Amjan Hanawi, som skal ha leia Hamas-rørslas militære ving i Nablus, blei seinare funnen skoten og drepen frå kloss hald, opplysar palestinske sjukehuskjelder.

Aksjonen i natt kom berre timar før USA sin utenriksminister Condoleezza Rice skulle møte israelske og palestinske leiarar i Jerusalem og Ramallah, i eit forsøk på å restarte fredsprosessen.

- Å øydeleggje terroren sin infrastruktur er eit sentralt ledd på vegen mot fred, sa Rice under ein pressekonferanse i Jerusalem søndag.

- Når alt kjem til alt, kan ingen demokratiske styresett tolerere væpna parti som har éin fot i den politiske sfæren og den andre foten i terroren sin leir, sa Rice, med klar henvisning til den yttarleggåande organisasjonen Hamas. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy