Bygdisar og byfolk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sauar eller duer? Eit overveldande kulturtilbod eller god plass, billeg husleige og frisk luft? Både byen og bygda har utan tvil sine fordelar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Måns Jonson frå Stockholm synest det er heilt supert å bu i Øystese i Hardanger. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)Måns Jonson frå Stockholm synest det er heilt supert å bu i Øystese i Hardanger. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Neste Klikk sin nynorskredaksjon snakker med bygdisar og byfolk om kvar dei bur og kvifor.

Namn:

Måns Jonson

Alder:

36 år

Yrke:

Båtbyggjar

Utdanning:

Fagutdanning som trebåtbyggjar, pluss diverse handverksutdanning.

Bur no:

I Øystese, Hardanger.

Har budd:

I drabantby og i boligfelt og midt i Stockholm i 30 år før eg flytta på landet.

Korleis var det i Stockholm?


- Eg syntest det var keisamt og lite utviklande. Eg hugsar at eg tidleg ønska at eg hadde budd i ein mindre by eller på landet. Eg treivst aldri i storbyen.

Korleis er det i Øystese?


- Det er kjempebra å bo i Øystese! Det viktigaste er at menneska har ei anna haldning, her er det eit anna tempo på alle vis.
Måns føler at det er lettare å vere kreativ på landet.

- Viss eg har lyst til å gjere noko, fins det plass til å gjere det. Det fins gratis eller billige lokale viss ein vil byggje båt, eller starte ein organisasjon eller…Det er ikkje så lett å byggje ein båt i ei blokkleilegheit i Stockholm! Det er også viktig for meg å vere nærme naturen.

Måns fortel at han har blitt veldig avslappa, til dømes med å låse bilen, sidan han kom til Øystese.

- Ein slepp å passe så mykje på tinga sine. Sykkelen har blitt stole to gonger her, men det viste seg at han berre var lånt, så eg fann han igjen. Dessutan er det stille på landet, det likar eg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis synest du folk forheld seg til kvarandre i byen i forhold til på bygda?


- Eg kan berre snakke om korleis det er i Stockholm, men der trur eg folk er mykje reddare enn at eg opplever at dei er her i Øystese. Ein er på vakt heile tida, og må forsvare seg.

Måns synest det verkar som om folk føler seg små i byen, og må hevde seg heile tida. Han meiner at sjølvhevdinga ytrar seg i at ein ser ned på andre, og pratar negativt om andre folk.


Er det noko du saknar på landet, som du fekk i byen?


- Det einaste må vere industriområda med dei fantastisk vakre menneskeskapte miljøa. Men elles saknar eg ingenting. Og eg saknar i alle høve ikkje korleis menneska kommuniserer med kvarandre.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving