Breiband til alle

- Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i heile landet skal ha tilgang til eit framtidsretta breibandsnett til rimelege og likeverdige vilkår.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.ecu.edu)(Foto: www.ecu.edu)

(NPK): Vi vil setje inn nye tiltak for å oppnå ein reell digital allemannsrett, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil sikre ein målretta innsats overfor husstandar og bedrifter som ikkje vil få tilgang ved ei kommersiell utbygging.

I tilleggsforslaget er det for 2006 teke inn ein auke på tre millionar kroner på budsjettet til Samferdsledepartementet.

Auken skal dekkje utgifter til kartlegging av behov for førebuingar til tiltak for å gi fleire høve til å ta i bruk breiband.

- Om lag 95 prosent av norske husstandar vil ha tilbod om breiband innan utgangen av 2005.

Det står framleis att arbeid før det blir meiningsfylt å snakke om digital allemannsrett også i dei delar av landet der det er mest krevjande å byggje ut, seier statsråd Navarsete. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy