Åpen for alle - alltid

Europeisk romsonde på veg mot Venus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den europeiske romsonda «Venus Express» blei onsdag morgon skote opp frå utskytingsbasen Bajkonur i Kasakhstan. Sonda på 1,2 tonn er utvikla av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: nssdc.gsfc.nasa.gov)(Foto: nssdc.gsfc.nasa.gov)

Bajkonur (NTB-Reuters-TT): Oppskytinga skulle eigentleg ha skjedd for to veker sidan, men blei då utsett på grunn av tekniske problem.

Klokka 4.33 onsdag morgon kom ho endeleg avgarde, på toppen av ein russiskbygd bærerakett av typen Sojus-Fregat.

«Venus Express» skal etter planen vere framme ved målet mot slutten av mars neste år. Der skal den granske forholda i planeten si atmosfære, med eit CO2-innhold på 97 prosent og ein temperatur ved overflata på nærmare 500 grader celsius.

Data om desse forholda sendast tilbake til jorda, der dei kan bli til stor nytte for forskarar som studerer den globale oppvarminga som går under namnet drivhuseffekten. Venus er den av planetane i solsystemet som ligg nærmast jorda.

Eit av instrumenta om bord i «Venus Express» er utvikla av Institut för Rymdfysik i Kiruna i Nord-Sverige. Dette instrumentet skal undersøke korleis strålinga som blir kalla solvind påvirkar Venus-atmosfæra. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving