Åpen for alle - alltid

Søtsug på grunn av krom

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein såkalla atypisk depresjon, med auka appetitt og stort søtsug, kan henge saman med mangel på mineralet krom, viser ei ny studie.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: abc.net.au)(Foto: abc.net.au)

(NPK:) Ved vanleg depresjon har folk gjerne dårleg appetitt og eit jamt depressivt humør.

Symptoma ved atypisk depresjon er auka appetitt, sug etter sukker og andre karbohydrat, vektauke og svingande humør gjennom dagen.

Den åtte veker lange studien av 113 vaksne med atypisk depresjon tyder på at krommangel kan medverke til søtsuget.

Auka blodsukker er første teiknet på krommangel. Grovt brød og kjøt er viktige kjelder til krom.

Dei som rører lite på seg er mest utsett for å få i seg for lite av dette mineralet. Spesielt utsette er dei som et mest fint brød og andre fine kronvarer, og lite kjøt.

Ølgjær gjev eit bra tilskot av krom, fortel tidsskriftet Psykisk helse. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving