Coldplay og Green Day triumferte
(Foto: www.angelfire.com)
Lisboa (NTB-AFP): Green Day fekk prisen som beste rockegruppe og prisen for beste album for «American Idiot».
Coldplay vann prisen for beste gruppe frå Storbritannia og Irland, samt prisen for beste sang med «Speed of Sound».
- Vi har ikkje vunne nokon pris for beste låt på ei stund, så dette betyr mykje for oss, sa frontfiguren i gruppa, Chris Martin, som er gift med Gwyneth Paltrow.
Den colombianske popstjerna Shakira vann prisen som beste kvinnelege artist, mens Robbie Williams gjekk seirande ut av mannekampen.
I takketalen skrøt Williams av Madonna som opna gallaen med «Hung Up» frå den nye plata «Confessions on a Dance Floor».
- Eg må ta meg tid til å seie kor godt eg likte Madonna sin opptreden. Ho er ei fullkomen legende og ho får alle oss andre til å verke som amatørar, sa Williams. (©NTB)