Vekstmønster avslører hjarterisiko

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vekstmønsteret hos barn kan vera ein god peikepinn når det gjeld risikoen for å utvikle hjarteproblem seinare i livet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det er amerikanske forskarar som har funne ut at barn som raskt la på seg frå dei var to til elleve år gamle hadde auka risiko for hjarteproblem seinare.

Forskarane bygde på data for 7.760 barn som vart følgde i ein tiårsperiode, med jamlege kontrollar av vekt og høgd.

På bakgrunn av funna meiner forskarane at mønsteret og utviklinga av kroppsvekta er ein betre indikator for hjarterisiko enn berre å måle vekta ved ein gitt alder.

Spesielt peikar dei på at eit misforhold mellom musklar og feitt i ung alder er ein viktig faktor for seinare hjarteproblem, skriv Dagens Medisin. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving