Humoristisk om skam

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye boka til Olaug Nilssen er noko så uvanleg som ei feelgood-bok om skam. Det er litt kjærleik i ho og.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olaug Nilssen frå Solheimsdalen i Førde er klar med sin tredje roman ”Få meg på, for faen”. (Foto: Anders Malm, NPK)Olaug Nilssen frå Solheimsdalen i Førde er klar med sin tredje roman ”Få meg på, for faen”. (Foto: Anders Malm, NPK)

Av Anders malm, Nynorsk Pressekontor

Den 27 år gamle forfattaren har uttalt at ho berre skriv bøker om to tema, kjærleik og skam.

I den ferske boka «Få meg på, for faen» møter vi tre kvinner i forskjellige livsfasar, som alle føler skam på ulike måtar. Maria er student og vaskehjelp, Alma er ein sprengkåt tenåring, og kona til Sebjørn ei frustrert husmor.

På fiffig vis blir dei tre historiene vove inn i kvarandre. Historia om hormonbomba Alma, som føler eit forrykande attrå til nær sagt alt og alle, har vekt mest merksemd.

- Eg trur skam er ei kjensle mange går og føler på. Til dømes skam over å føle attrå, som eg har prøvd å få fram i historia om Alma.

Kvar dag og over alt ser vi perfekte kroppar som har sex, men aldri vanlege folk. Eg trur det får mange til å tenkje at ein ikkje har lov å ha sex om ein ikkje har ein perfekt kropp. Som igjen fører fram til ei skamkjensle om dei skulle føle attrå, seier Olaug Nilssen til Nynorsk Pressekontor.

Ho trur ikkje medieverda, der ein kanskje stort sett møter dei skamlause, viser kva nordmenn flest føler.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Drøymer om kjendislivet


Boka opnar med historia om Maria, student og vaskehjelp. Ho er så vanleg, og lever eit så ordinært og kjedeleg liv, at ho spritar opp tilværet med hyppige dagdraumar om å bli rikskjendis.

- Eg trur nok vi kan seie at ho drøymer om kjendislivet. Det er alltid med litt skrekkblanda fryd, ettersom ho alltid fantaserer inn ulike flausar og alltid endar opp med å øydeleggje for seg sjølv, fortel Nilssen.

- Med strålande kritikkar i pressa, intervju i alle storavisene i landet, gjest på NRKs Store Studio og så vidare, held Olaug Nilssen rett og slett på å oppfylle draumen til karakteren Maria om å bli kjendis?

- Det vil jo vise seg. Det har jo starta bra. Eit TV-intervju er nok den beste måten å reklamere for boka på, og på den måten få fleire lesarar. Som mindre kjent forfattar er ein avhengig av merksemd i media. Men eg tør ikkje håpe på eit ordentleg gjennombrot enno, seier Nilssen.

Ho vedgår at ho drøymde om å bli kjent då ho debuterte som 19 åring. Tre romanar og nesten ti år seinare veit ho ikkje om det er så mykje å trakte etter.

- Eg blir jo fullstendig sett ut berre eg til dømes skulle bli feilsitert i ei avis. Eg veit ikkje korleis det skulle gå om eg vart verkeleg kjend, smiler Nilssen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ringer sextelefon


- Eg har eit ønskje om at lesaren både skal skjemmast over personane i boka, samtidig som dei elskar dei. Eg håpar eg har late det skine gjennom at eg føler stor sympati med desse menneska, seier Nilssen om karakterane i boka.

Alma har problem med å styre hormona. Ho viser fram den attråa ho føler, og blir teken for både å stele pornoblad og ringe sextelefon. Maria synst ho sjølv er kjedeleg og mistrivst i jobben.

Den namnlause og heimeverande kona til Sebjørn finn plutseleg ut at ho har levd eit fullstendig utdatert liv, og bestemmer seg for å dra til Oslo for å demonstrere mot nedlegginga av den lokale nepefabrikken. Som ikkje er nedleggingstrua i det heile.

- Alma viser fram attråa si, og får reaksjonar på det. Mange vil nok meine ho blir behandla urettferdig. Dette er tre kvinner som ønskjer å bli sett og akseptert, og eg har gjeve stor plass til tankar og fantasiar i dei ulike livsfasane, seier forfattaren.

Komedien og det flaue har ein sentral plass i boka.
- Eg har prøvd å skrive med humor, utan at det artige slår i hel alvoret og den såre undertonen som ligg i botnen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blottar seg


Historia om Alma tek oss med til ein fest på ungdomshuset, der ein gut som Alma kjenner blottar seg for ho. Det vekkjer kjensler i Alma som kan virke provoserande på nokre. Men er blottinga eit overgrep?

- Eg les ikkje blottinga som eit overgrep. Det må i tilfelle vere eit veldig mildt eit. Men eg blir ikkje sur om nokon meiner det er eit overgrep. Eg trur tvert om at det kan tilføre historia noko om ein ser det slik, seier Nilssen.

Ho fortel om eit foredrag ho skulle ha på ein dansk høgskule om boka, der det oppsto ei misforståing. Danskane forsto ikkje setninga «Han var borti meg med pikken», og trudde det dreidde seg om ei valdtekt. Noko som gjorde at dei måtte greie opp i ein heil masse før ho kunne gå vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Åtvarar mot scener


I sommar trykte det feministiske tidsskriftet Fett ei erotisk novelle. Novella førte til ein storm av klagar og mange sa opp abonnementet sitt fordi dei meinte at eit feministiske blad ikkje kunne skrive om slikt. Dei mest ekstreme kritikarane kalla novella for sjuk, medan dei meir moderate viste til argumentet med at ein ikkje kjem unna sex nokon stader.

Diskusjonen førte til at Olaug førde inn ei åtvaring fremst i boka. «Artur og Alma er ein tekst som inneheld skildringar av seksuelle fantasiar. Enkelte vil truleg oppleve desse skildringane som støytande.»

- Eg likar heller ikkje å kome inn på Narvesen på stader der ein ikkje har svart skjerm framfor pornoblada. Dette er ikkje heilt det same, men no føler eg i alle fall at eg har mitt på det tørre, fortel forfattaren.

Om «Få meg på, for faen» sender Olaug Nilssen ut i det øvre sjiktet i kjendisverda står att å sjå. Noko som er heilt nytt, er i alle fall at alle journalistane som har møtt henne for intervju faktisk har lese boka på førehand. Slik har det ikkje vore før.
- Vi kan velje å sjå det som eit godt teikn, smiler Nilssen. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving