Færre asylsøkjarar - fleire får bli
(NPK:) Ved utgangen av september i år hadde det kome 4.000 asylsøkjarar, mot om lag 6.200 på same tid i fjor.
Det er asylsøkjarar frå Russland, Somalia, Afghanistan og Irak, som i størst grad har fått innvilga opphald i år.
Det er desse landa dei fleste asylsøkjarane i Noreg kjem frå.
Landa er i stor grad prega av interne konfliktar, og mange asylsøkjarar derifrå har individuelle behov for vern, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI).
- Auken i talet på godkjenningar kjem av at det kjem fleire flyktningar og færre asylsøkjarar utan behov for vern til landet. Dette viser at asylinstituttet fungerer i større grad enn tidlegare, seier avdelingsdirektør i UDI, Paula Tolonen.
I løpet av heile fjor kom nær 8.000 asylsøkjarar til Noreg. I år reknar ein med at det kjem rundt 5.000.
Ifølgje UDI er tendensen at dei som får grønt lys for opphald i langt større grad får asyl. Rundt 40 prosent av dei som har fått vern dei første ni månadene har fått asyl. På same tid i fjor fekk om lag 30 prosent asyl. (NPK)