Milliardar på nettmusikk

Musikkelskarar i USA og Europa vil bruke 6,5 milliardar kroner på å kjøpe musikk over nettet i år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: toothpastefordinner.com)(Ill: toothpastefordinner.com)

(NPK): Innan utgangen av 2010 vil salet truleg ha nådd over 29 milliardar kroner, ifølgje analysebedrifta Strategy Analytics.

Dette svarar til 16 prosent av det totale musikksalet i Europa og USA.

Årsaka til den store veksten er mellom anna salet av mp3-spelarar og suksessen til tenester som Apples iTunes Music Store, Real Networks Rhapsody, Napster og andre, skriv Computerworld.

Det er likevel ikkje salet av dagens Itunes som vil drive salet opp mot 2010. 60 prosent av omsetnaden på online-musikk vil truleg kome frå abonnement-baserte tenester der ein betalar ein månadleg pris for tilgang til låtane. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar kan du lese i våre kategoriar:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving


Personvernpolicy