Trebeint, men lykkeleg

Det var ein gong ein trebeint mann som heitte Francesco Lentini.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon


Francesco Lentini. (Foto: unglaublich-phantastisch.de)Francesco Lentini. (Foto: unglaublich-phantastisch.de)

Lentini blei født i byen Roselini på Sicilia i 1889. Han hadde ein heilt normal overkropp, men underst hadde han tre bein.

Skal vi tru nettstaden hollywoodstudios.org, hadde han dessutan to penisar.

Fotball


Lentini kunne ikkje gå på det ekstra beinet sitt, for det var noko kortare enn dei andre to beina.

Men han lærte seg å spele fotball, og det tredje beinet var kjekt å sparke med.

Det var også praktisk å bruke som krakk, vert det hevda på den tyske nettstaden unglaublich-phantastisch.de.

Mykje verre


Då Lentini var liten ville ikkje foreldra hans ha noko med han å gjere, så han vaks opp hos slektningar. Dei tok han til ein heim for handikappa ungar, og der fekk han sjå folk med mykje verre handikap enn han sjølv. Dei kunne ikkje kunne gå, og langt mindre spele fotball.

Emigrerte til USA


Kunstnaren James G. Mundie har måla Lentini som luttspelar. (Ill: missioncreep.com)Kunstnaren James G. Mundie har måla Lentini som luttspelar. (Ill: missioncreep.com)

Etter dette besøket bestemte Lentini seg for å gjere det beste ut av livet sitt. I 1898, ni år gammal, emigrerte han til USA og slo seg saman med eit sirkus.

Han opptrådte blant anna på The Buffolow Wild West Show og blei kjend som The Three Legged Wonder og King of Freaks.

Lentini gifta seg og fekk fire barn, og levde lykkeleg til han døde i huset sitt i Florida i 1966.

Fleire underlege under


På nettstaden unglaublich-phantastisch.de finn du (viss du forstår tysk) fleire historier som denne, i tillegg til svar på spørsmål som

Kvifor har menn brystvorter? Kvifor høyrest det så fint når eg syng i dusjen?
Kva er eigentleg ein UFO? Drikk fiskane? Korleis drøymer blinde? Kvifor brusar havet? Og - Døde Paul McCartney i ei bilulykke i 1966?


Ler fleire finurlege greier på Startsida her

Og sjekk ut finurlige nyheter på Startsiden

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving


Personvernpolicy