Verdas kortaste konsert

200 elevar og lærarar frå Tysvær Kulturskule deltek torsdag på urframføringa av verdas kortaste konsert. Det lokale politiet står for dokumentasjonen av forsøket på å kome i Guinnes rekordbok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

200 ungar og lærarar deltek på urframføringa av verdas kortaste konsert. (Foto: Hedda Grip) 200 ungar og lærarar deltek på urframføringa av verdas kortaste konsert. (Foto: Hedda Grip)

Den kortaste konserten i verda er skriven av komponisten Nils Henrik Asheim, som mellom anna er kjend for å skrive fanfaren til OL på Lillehammer.

Kulturskulen har bestilt verket i høve at dei er 30 år i år.

10 sekund

Asheim fekk bestilling på verket frå rektor ved kulturskulen, Bernhard Gismervik.

Bestillinga var ganske spesifisert, ikkje med tanke på det kunstnarlege, men på at konserten skal vise heile breidda til Kulturskulen.

200 elevar og lærarar er med på framføringa, og publikum får møte både styrkarar, blåsarar, tangentar, band og vokal på dei 10 sekunda.

Visuelt


Skodespelarar og dansarar skal vere med på å gje konserten eit visuelt preg. Også bildekunstelevane ved skulen er involverte i prosjektet ved å lage plakatar, både til rekordkonserten og til dei mange andre konsertane som blir arrangerte i høve 30-års-jubiléet.

Konserten vert ikkje berre kort, men også lang, høg og brei. (Foto: Hedda Grip)Konserten vert ikkje berre kort, men også lang, høg og brei. (Foto: Hedda Grip)

Kort, lang, høg og brei


Rektor Gismervik seier til Startsida at dette blir ein kort, men også høg, lang og brei konsert.

- Breidda kjem fram i mangfaldet av bidragsytarar, men både lengda og breidda vert også markert ved ein trompetspelar som beveger seg diagonalt gjennom rommet under framføringa.

Høgda på konserten vert illustrert ved ei pikkolofløyte som speler høge tonar - høgt oppe under taket i ein lift.

Asheim dirigerer


Komponisten har vore på besøk og sett på lokala og utøvarane, og kjem sjølv til å leie urframføringa på torsdag.

Før sjølve konserten får publikum høve til å vere med på ei open generalprøve med verkgjennomgang, der komponisten vil fortelje korleis han har tenkt og korleis han uttrykkjer ideane sine gjennom musikken.

Komponisten Nils Henrik Asheim leiar urframføringa i Tysvær. (Foto: Hedda Grip) Komponisten Nils Henrik Asheim leiar urframføringa i Tysvær. (Foto: Hedda Grip)

Ein ekte komponist


- Barna og publikum får møte ein ekte komponist og får eit innblikk i hans verd, samstundes som dei faktisk er med på å forme verket under framføringa, seier Gismervik.

Forhistoria for prosjektet var at dei tenkte på å prøve seg på verdas lengste konsert, fortel Gismervik.

- Men for å greie å setje den rekorden, måtte vi ha spela i eitt frå måndag morgon til onsdag kveld. Og det fann vi ut kunne bli litt mykje for ungane, som måtte ha vore på scena alle saman heile tida.

Kvalitetstid


Så blei det kort og komprimert kvalitetstid i staden. Og det er kanskje ei gåvepakke til publikum i ei tid der alle har det travelt.

- Tida har blitt kostbar, og det er jo best å ikkje ta for mykje av ho i frå publikum, seier den stolte kulturskulerektoren, som understrekar at det ikkje vert pause under konserten.


Meir frå Tysvær:


Meir om musikk i Neste Klikk:


Meir om musikk på Startsida:

Fleire nynorsk-artiklar:



Personvernpolicy