Dialektpris til Jorun Stiansen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Idol - prinsessa Jorun Stiansen frå Vennesla blir heidra på heimebane!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jorun Stiansen er trygg på seg sjølv og si eiga dialekt. (Foto: jorunstiansen.org)Jorun Stiansen er trygg på seg sjølv og si eiga dialekt. (Foto: jorunstiansen.org)

Idol - vinnaren som ifølgje idoldommar Ole Evenrud snakkar som ein bryggesjauar men syng som ein engel, er vinnaren av Dialektprisen 2005 i Agder.

«Jorun er trygg på seg sjølv og dialekta si og er ein flott ambassadør for god språkhaldning og for heimkommunen Vennesla», heiter det i grunngivinga for tildelinga.


Det har vore hevda at Jorun Stiansen vann Idolfinalen 2005 ikkje berre fordi ho kan synge, men óg mykje på grunn av at ho er seg sjølv og at ho er trygg på kven ho er og kor ho kjem frå.


Jorun-effekten


Elevar frå Vennesla Vidaregåande Skule forskar denne hausten, med støtte frå Norges Forskningsråd, på det dei kallar Jorun-effekten. Kvifor held venndølane så godt på dialekta si?

Det er berre 20 minutt å køyre frå Kristiansand til Vennesla, likevel er det lett å høyre kven som kjem frå Vennesla. Kan dette ha noko med at profilerte venndøler som Jorun bruker dialekta si på TV?

Pristutdelinga skjer idag i Mållagsstova i Kristiansand.


Her kan du lese meir om musikk på nynorsksidene

Meir om musikk i Neste Klikk


Meir om musikk i Startsida si lenkjesamling



Fleire nynorsk-artiklar kan du lese i våre kategoriar:

Aktuelt
- IRIX
- URIX
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
- Film og TV
- Litteratur
- Musikk
Mat og Drikke
Moro
- Finurlege greier
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving