Øver med popkorn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste par åra har Kystfartsverket hatt ein noko uvanleg ingrediens med på øvingane sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein gong har eit lyst hovud, uvisst kven, kome på at popkorn har dei same eigenskapane som olje, i alle fall set frå Kystfartsverket sin ståstad.

Når Kystfartsverket har katastrofeøvingar på oljeutslipp, så brukar dei nemleg popkorn til å simulera olje.

I følgje avisa Glåmdalen er det fleire ting ved popkornet som gjer det svært eigna til slik bruk.

- Det synest godt i sjøen, seier Pål Selliken i Euro Supply til avisa. Det er dei som står for tinginga av popkornet til Kystfartsverket.

Av fleire positive eigenskapar, nemnast det at popkornet er miljøveneleg og at det ikkje blir restavfall igjen etter øvingane. Det som Kystfartsverket ikkje greier fanga opp, blir nemleg spist opp av måker.

Popkornet blir spesialbestilt til denne bruken, og det blir produsert utan salt. For Maarud utgjer dette under ein prosent av totalproduksjonen.

Fleire nynorsk-artiklar: