Tabloider ikkje velkomne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lysekil, Sverige: Biblioteket vil ikkje ta inn dei mest tabloide avisene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Biblioteket i Lysekil er selektive. (Illustrasjonsbilete.)Biblioteket i Lysekil er selektive. (Illustrasjonsbilete.)

Sjefen på Lysekils Stadsbibliotek, Inger Sterneskog, har vedteke at biblioteket ikkje lenger skal ha avisene Aftonbladet, Expressen eller Göteborgstidningen i sitt sortiment.

- Dei hadde blitt så dårlege at vi ikkje lenger ville ha dei, seier Sterneskog til den norske avisa Dag og Tid.

Sterneskog avviser at dette er å driva sensur. Ho seier at halvparten av dei svenske biblioteka ikkje held aviser, og at biblioteka dessutan er nøydt til å gjere eit utval.

Vedtaket om å kutta ut desse tre avisene blei gjort kjend i byrjinga av månaden, men det var ikkje før ein lesar skreiv eit takknemleg brev i lokalavisa at saka fekk merksemd utanfor biblioteket.

Expressen - ikkje lenger på Stadsbiblioteket i Lysekil.Expressen - ikkje lenger på Stadsbiblioteket i Lysekil.

Allmänhetens presseombudsmann, Olle Stenholm, har gått ut og forsvart avisene. Han meiner at biblioteket har gjort eit feilaktig val, og at vedtaket dessutan er ytringsfridomsfiendtleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til Sveriges Radio seier han at han har respekt for at biblioteka sjølv vel ut kva dei vil kjøpe inn, men at det ikkje må vere personalet sin eigen smak som styrer valet.

Biblioteksjef Sterneskog avviser at dette er i konflikt med ytringsfridomen. Ho viser til at alle bibliotek må gjere sine val, og at aviser dessutan er tilgjengelege over alt.

Fleire nynorsk-artiklar: