Vil opprette abortregister

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å opprette eit eige register for alle kvinner som tek abort.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto:aan.no)(Foto:aan.no)

Målet er å førebyggje uønska svangerskap og abortar.

Personalopplysningane i registeret skal anonymiserast.

Det finst allereie statistikk over abortar i Noreg, men tala fortel ikkje om dei same kvinnene tek abort fleire gonger, heller ikkje om det får uheldige følgjer for seinare svangerskap eller om abortførebyggjande tiltak har nokon effekt.

- Dette er område der vi verkeleg ønskjer og treng meir informasjon. Samtidig er det eit kjenslevart område. Mange vil nok steile berre ved tanken på eit slikt register, seier professor Ole Erik Iversen ved Haukeland Sykehus til Dagsavisen.

Avdelingsoverlege Britt-Ingjerd Nesheim ved Kvinneklinikken på Ullevål Universitetssjukehus meiner det må vera eit krav at det ikkje skal vera mogleg å finne tilbake til dei kvinnene det gjeld.

- Under føresetnad av at kvinnene blir fullstendig anonymisert, vil eit slikt register vera svært interessant forskingsmessig, seier Nesheim.

Departementet foreslår at pasientane skal ha rett til innsyn i alle opplysningane som står om dei i abortregisteret og rett til å krevja at feilregistreringar blir retta. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: