Største myggnett-aksjonen i Afrika

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeiningar (IFRC) skal distribuere nesten tre millionar myggnett i Niger i desember.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Røde Kors, Norge)(Foto: Røde Kors, Norge)

Prosjektet tek mål av å kunne verne alle barn under fem år i landet, det vil seie 3,5 millionar barn.

Den største distribusjonen av myggnett som nokon gong har funne stad i Afrika, vil bli finansiert med 76 millionar kroner frå Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria, i tillegg til 13 millionar frå det kanadiske internasjonale utviklingsbyrået, kanalisert gjennom kanadisk Røde Kors.

Prosjektet i Niger er ein oppfølgjar av den suksessfulle distribusjonen som IFRC hadde av nesten ein million myggnett under vaksineringskampanjen mot meslingar i Togo i fjor.

Alle nigerianske barn som vart vaksinerte under poliokampanjen til styresmaktene vil no få eit myggnett av god kvalitet.

Malaria er den største dødsårsaka blant barn i Niger, der eitt av fem barn døyr før dei fyller fem år. Halvparten av desse døyr av malaria. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: