15 skadde under jordskjelv i Tyrkia

Ankara (NTB-AFP): Et kraftig jordskjelv ramma natt til fredag den tyrkiske byen Izmir, og utløste full panikk blant mange innbyggjarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill.foto: geot.civil.metro-u.ac.jp)(Ill.foto: geot.civil.metro-u.ac.jp)

Skjelvet blei målt til rundt 6 på Richter-skalaen og hadde senter i Egeerhavet, rundt 40 kilometer sørvest for den tredje største byen i Tyrkia.

Minst 15 menneske blei skadde etter å ha hoppa ned frå vindauge og balkongar etter jordskjelvet, mens andre havna på sjukehus med hjerteproblem.

I landsbyen Urla nær Izmir fall fire hus saman under skjelvet, men alle var ubebodde. Ei stor fabrikkpipe raste også ned, men ingen kom til skade.

Mange av innbyggjarane i Izmir valde å tilbringe resten av natta under open himmel, av frykt for etterskjelv.

Seinast måndag blei 30 menneske skadd då tre jordskjelv som blei målt til mellom 5,6 og 5,9 på Richter-skalaen ramma området. (©NTB)

Fleire nynorsk-artiklar:



Personvernpolicy