Nytt kraftsenter for forsking
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
International Research Institute of Stavanger (IRIS) skal bli eit internasjonalt kraftsenter innan forsking, skriv Forskning.no.
RF og UiS eig IRIS med 50 prosent kvar. Selskapet skal vere operativt frå 1. januar 2006, men styret og leiinga vil kome på plass i haust.
Det vil vere 200 tilsette i selskapet og verksemdsområda vert i første rekkje innan petroleum, marint miljø og samfunns- og næringsutvikling. (NPK)