Kva gjer Snoopy på trusa mi?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hennes&Mauritz har funne det for godt å pryde dametruser med barnefiguren Snoopy. Men dette er det ikkje alle som likar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fin raud truse med dum figur. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)Fin raud truse med dum figur. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Då eg var yngre, syntest eg trusene med «Måndag» og rosa prinsesser på var veldig fine.

Men no som eg har blitt vaksen, og kan kjøpa undertøyet mitt sjølv, skulle eg ønskje at eg kunne kjøpe truser utan barnemotiv.

Derfor spør eg; Kva gjer Snoopy på trusa mi?



Skal du kjøpe truser på H&M har du nemleg ikkje store utvalet. No ønskjer eg å finne ut om det berre er eg som synest dette er litt underleg.

Eg gjekk ut og spurte kva folk på gata meiner om å Snoopytrusene:

Solveig Zeiler (24), hjelpepleiar, Gausel:


-Det høyrer ikkje heime på dametruser, det er på kanten til perverst.

Vera Hagen (32), kulturarbeidar, Stavanger:


-Eg likar trusene, dei har mange fine fargar. Men at det er Snoopymotiv på så mange av Hennes&Mauritz sine truser, er idiotisk!

- Eg er 32 år og kunne godt tenkt meg å ha nokon morosame truser uten denne Snoopy. Alternativet er berre kjedelege truser eller syntetiske truser med blonder på.

Bjørn Ingvar Kydland (26), student og fotballspelar, Bryne:


-Eg likar dei ikkje, synest ikkje det passer til damer. Dei høyrer heime på småjenter.

Anders Olsen (30), lærar, Oslo:

-Eg likar dei veldig godt! Det viser at ho ikkje tar seg sjølv så seriøst. Eg oppfordrar alle damer til å bruke truser med Snoopy på, då har dei meg på kroken.

For min del er det avklart; Snoopy har ingenting på trusa mi å gjere.


Fleire nynorsk-artiklar: