Dei unge blir fattigare, dei eldre rikare

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at norske barn blir fattigare, mens dei eldre får stadig betre råd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Auka av fattige er særleg merkbar blant barnerike innvandrarfamiliar og unge aleinebuarar. Det viser tal for treårsperioden frå 2001 til 2003.

SSB brukar ikkje uttrykket «fattige», men «personar med vedvarande låg inntekt».

Denne gruppa utgjorde 2,4 prosent av befolkninga i perioden 2001 til 2003, eller cirka 109.000 personar.

Studentar er unnateke i dette talet. Delen blir på 2,9 prosent dersom studentar blir teke med, skriv Aftenposten.

Fattigdomen i Noreg har auka jamt dei siste åra. I 1998-2000 låg den nede på 1,7 prosent, og i perioden 2000-2002 var delen auka til 2,1 prosent.

SSB forklarer veksten med at det er aukande arbeidsløyse blant barnefamiliar med ikkje-vestleg bakgrunn. Byrået nemner også at barnetrygda ikkje er blitt auka i takt med prisstigninga dei siste åra. (©NTB)

Fleire nynorsk-artiklar: