Fleire overlever brystkreft

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Sjansane for å overleva brystkreft er markant betra dei siste 20-30 åra på grunn av nye behandlingsmetodar og betre kirurgi, viser ei ny britisk undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Kreftforeningen)(Foto: Kreftforeningen)

Kvinner i alderen 50-69 år er mest utsette for brystkreft, men heile 72 prosent av kvinnene i denne aldersgruppa lever 20 år etter behandling for sjukdommen, viser denne undersøkinga frå Cancer Research UK.

Den Norske Kreftforening tilrår kvinner å kjenne etter kular i brystet og straks søkje lege ved forandringar, sjølv om kulane ofte ikkje er vondarta.

Forskarane kjenner enno ikkje årsakene til brystkreft, men veit at visse faktorar aukar risikoen; som tidleg pubertet, barn seint i livet, overvekt, sein overgangsalder, hormontilskot og alkohol. Mellom fem og ti prosent av tilfella har med arv å gjera.

Halvdelen av brystkrefttilfella råkar kvinner mellom 50 og 70 år, og kvart fjerde råkar kvinner under 50. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk