Kampen mot dødsstraff gir resultat

New York (NTB-AFP):Kampen mot dødsstraff gir sakte, men sikkert resultat, og 139 land har no vedteke lovar mot dødsstraff.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.uscatholic.org)(Foto: www.uscatholic.org)

Det går fram av ein rapport frå den uavhengige organisasjonen Hands Off Cain, som blei lagt fram i FN tysdag.

57 land har framleis dødsstraff i lovverket sitt, men dette er ein klar nedgang frå 2002, då 64 land hadde dødsstraff.

Blant dei 57 landa var det berre 25 land som utførte avrettingar i fjor, ein nedgang frå 34 land i 2002.

Kina avretta over 5000 fangar i fjor, og står dermed aleine for over 90 prosent av alle avrettingar i verda.

Iran avretta i underkant av 200 dødsdømde i 2004, mens Vietnam følgde på tredjeplass med drygt 80, viser statistikken frå Hands off Cain. (©NTB)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

Personvernpolicy