Meny

Norsk friluftsliv i endring

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Friluftslivets År 2005 går mot slutten, det er tid for å sjå framover.

Ein basehoppar kastar seg utfor det 60 meter høge fartstårnet i Holmenkollen utanfor Oslo. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Ein basehoppar kastar seg utfor det 60 meter høge fartstårnet i Holmenkollen utanfor Oslo. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Den norske naturen blir ikkje brukt på same måte som før, det gjer at vi står overfor viktige vegval i denne sektoren.

Lite gjev slik ro og kjensle av velvære som ein tur ut i marka. Den kjensla deler mange nordmenn.

Enkelte meiner til og med at friluftsliv er ein viktig del av den norske folkesjela. Naturen inviterer til leik og sportslege utfordringar, men også til næringsutvikling og arbeidsplassar i distrikts-Noreg.

- Samtidig er norsk friluftsliv i endring. Tradisjonelle måtar å oppfatte og bruke naturen på blir utfordra, og vi ser konfliktar mellom ulike brukargrupper, seier prosjektleiar Jon Fixdal i Teknologirådet.

Kjøpesterke turistar er vant med høg grad av tilrettelegging i naturen. Samtidig har dei unge begynt å ta med seg terrengsyklar og snøbrett opp i fjellet. Vil dei ha rå, vill natur, eller vil dei nær sagt bli leia rundt i dei norske fjella? Dette er spørsmål ein må diskutere framover, meiner Teknologirådet.

Teknologirådet er eit uavhengig, rådgjevande organ som skal vurdere den teknologiske utviklinga på alle samfunnsområde.

Terrengsykling og dragar


På heimesidene til Teknologirådet peikar Jon Fixdal på følgjande trendar innan friluftslivet. Trendar som sterkt har begynt å gjere seg gjeldande her i landet.

Nye brukargrupper har tatt naturen i bruk på nye måtar. I fjellet kan ein no sjå auka bruk av både terrengsyklar og motoriserte firhjulingar. Ein annan sport som har fått stort omfang i det siste er såkalla «kiting», kor ein nyttar store dragar til å få fart på til dømes alpinski og snøbrett.

Vidare ser ein at kjøpesterke turistar stillar strengare krav til friluftsaktivitetane. Dei vil ha ekte, naturbaserte opplevingar og betaler gjerne dyrt for unike aktivitetar og «kontrollert spenning», skriv Fixdal på heimesidene til rådet.

Generelt ser ein ei kommersialisering av friluftslivet, og næringsutvikling basert på dette, er ei svært viktig næring i mange distriktskommunar. Dette er kommunar som sårt treng verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Kommersiell natur


Fixdal i Teknologirådet trur desse trendane har kome for å bli. Det stillar oss overfor ein del viktige vegval.

Han spør til dømes om ein skal satse på ei kommersialisering av norsk natur, eller verne om naturen som ei stillesone. Eller kan dette bli kombinert?

- Det er på tide for alvor å diskutere kva for vegval vi står overfor. Kven er morgondagens brukarar av norsk natur, kva søkjer dei og på kva måte bør friluftslivet bli regulert, spør Jon Fixdal i Teknologirådet.

Rådet har no invitert 40 personar frå ulike organisasjonar, forvaltning, næringsliv, forsking og fra brukarsida til å drøfte kva for val norske styresmakter, kommersielle aktørar og naturbrukarar må ta stilling til. Det vil bli ein workshop i Oslo torsdag den 20. oktober.

Her vil det bli diskutert kven som skal ha mynde til å fatte avgjerder som regulerer ulike aktivitetar i naturen, og kven som skal bestemme over arealbruken. Er det mest formålstenleg at det er sentrale styresmakter, eller bør ein overlate det til den enkelte kommune. Og vidare: Kva vil eigentleg brukarane av den norske naturen ha, vil dei ha rå, vill natur, eller vil dei ha aktivitetane tilrettelagt?

Dette er spørsmål som vil bli diskutert framover. Uansett svar, det står ein ny generasjon på trappene. Det tradisjonelle, norske friluftslivet står for fall. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus