Nordmenn med bronse i stress

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ei ny europeisk undersøking viser at norske lønsmottakarar er blant dei som er aller mest utsette for stress på jobben.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.vpul.upenn.edu)(Foto: www.vpul.upenn.edu)

Kvinner og eldre tilsette tronar på toppen av stressbarometeret.
Undersøkinga er gjort blant 19.000 arbeidstakarar i 12 land over heile Europa av bemanningsbyrået Kelly Services.

31 prosent av norske lønsmottakarar svarte at dei synest arbeidsplassen deira er enten «for stressande» eller «alt for stressande».

Til samanlikning var gjennomsnittet i Europa på 27 prosent, og Noreg er dermed eit av landa som ligg langt oppe på lista.

Dei største tilfella av stress på arbeidsplassen finn ein i Sveits og Sverige, begge med 33 prosent. Så følgjer Noreg med 31 prosent, Tyskland og Frankrike med 28, Italia med 26, Russland med 24, Belgia med 23 og Danmark med 22 prosent. (NPK)



Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk