Lukt på meg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heile 75% av følelsane våre blir skapt av lukt. Det kan få betyding både i næringslivet og i privatlivet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.stanford.edu)(Foto: www.stanford.edu)

Martin Lindstrøm er ein som har forska på dette med lukter.

Han er utnemt til ein av verdas leiande marknadsføringsekspert av Chartered Institute of Marketing i London.



Sjå og høyr


Lindstrøm meiner det er tankevekkjande at flesteparten av dei 5000 reklamebudskapa me mottar kvar dag, stort sett kun appellerer til syns- og høyresansen.

Dersom marknadsføringa i framtida skal ha eit håp om å kome igjennom, er det nødvendig å finne måtar å appellere til sansene; det me luktar, smaker og berører, i følgje Lindstrøm.

Lukta har altså mykje å seie når det gjeld marknadsføringa si framtid. Men den påverkar også menneska si framtid.


Lukt deg fram til den rette


Mange er på leit etter den eine rette, og har eit håp om å finne ei eller ein som ein kan dele livet med. Då kan luktesansen komme vel med.

Psykologen Rachel S. Hertz har nemleg funne ut at kroppslukt er det nest viktigaste for kor tiltrekt ei kvinne blir av ein mann, berre elskverdigheit blei rangert høgare. Då veit me det; hugs å lukte godt og ver elskverdig.

Det seiast også at når ein vel partner så er det viktig at hans eller hennar lukt skil seg ut frå di, men at ho samtidig skal vere i slekt med di eiga.

Så skulle du ein dag støyte på ei jente som luktar på deg, så er det berre eg som lurer på om du er den rette.


Kjelder:


Fleire nynorsk-artiklar: