Ny og kontroversiell rovdyrbok

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Er ulv og bjørn farlege for menneske? I ei ny bok hevdar lokalhistorikar Astor Furseth at minst 63 menneske er drepne i møte med ulv eller bjørn dei siste 400 åra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Astor Furseth har skreve ei bok som vil få rovdyrmotstandarar til å nikke samtykkjande. Rovdyrforskarar er meir skeptiske. (Foto: Anders Malm, NPK)Astor Furseth har skreve ei bok som vil få rovdyrmotstandarar til å nikke samtykkjande. Rovdyrforskarar er meir skeptiske. (Foto: Anders Malm, NPK)

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Gjennom eit mødesamt arbeid har Astor Furseth gått gjennom kyrkjebøker, tingprotokollar, skattemanntal, brev, aviser og dagbøker heilt tilbake til 1600-talet.

Ut frå dette har han rekna seg fram til at i over 60 tilfelle kan det bli dokumentert, eller gjort sannsynleg, at menneske er drepne av ulv eller bjørn.

Medan rovdyrforskarar meiner at trusselen desse rovdyra utgjer mot menneske i liten grad er eit problem i rovdyrforvaltinga, hevdar Furseth at dokumentasjonen han sitt på visar noko anna. Funna blir lagt fram i boka «Drept av bjørn og ulv».

- Eg nyttar ordet drap, men eigentleg burde ordet stått i hermeteikn. Rovdyr svarar på ein impuls, dei har sannsynlegvis ikkje intensjon om å drepe, seier Astor Furseth, som legg til at rovdyråtak på menneske skjer svært sjeldan.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det siste dokumenterte ulvedrapet skjedde i år 1800. (Foto: Kari Hamre, NPK)Det siste dokumenterte ulvedrapet skjedde i år 1800. (Foto: Kari Hamre, NPK)

Angrepne under jakt

Boka tek for seg drap som skal vere gjort både av ulv og bjørn.

I eit kapittel er til saman 86 tilfelle omtalt der menneske er drepne av bjørn. 52 av tilfella er dokumentert eller sannsynleggjort, medan 34 av tilfella har ein meir uklar dokumentasjon. Desse tilfella der bjørn skal ha drepe menneske, spenner over eit tidsrom på 400 år.

- Det har ofte blitt sagt at menneske berre er blitt utsett for åtak av bjørn under jakt. Det materialet eg sitt på, tyder på noko anna. Berre 17 prosent av tilfella i boka skjedde under jakt. Resten av angrepa skjedde under vanleg ferdsel i skog og mark, eller under gjeting, fortel lokalhistorikar Furseth.

Han legg vekt på at han ikkje er nokon rovdyrhatar, men seier rovdyrforvaltinga og bør ta omsyn til dei som bur på landsbygda.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre drepne av ulv

Historiene i boka er ei blanding av vandrehistorier og det som blir omtala som dokumenterte hendingar.

Totalt blir det presentert over 40 historier om ulvedrap, medan berre tre av dei er dokumenterte. Det siste dokumenterte drapet skjedde i år 1800. Åtte ulvedrap er sannsynleggjort.

Furseth har rekna historiene som dokumenterte viss dei er å finne i ei skriftleg samtidskjelde. Han reknar drapa som sannsynlege viss han kan finne igjen viktige detaljar frå muntlege historier i kyrkjebøker, til dømes at den og den levde då og då.

Dei usikre kjeldene er til dømes vandrehistorier, sjølv om Furseth trur det kan vere snev av sanning i desse historiene og. Han trur talet på ulvedrepne er høgare enn desse 11.

- Det viser seg jo ofte at det er sanning i slike vandrehistorier, berre ein går langt nok tilbake. Det må vere ein grunn til at frykta for ulv er der, og at historiene er så mange, seier Furseth, som opphavleg er utdanna tannlege.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje farlege

Medan boka til Furseth kan få rovdyrmotstandarar til å gni seg i hendene, og seie: «var det ikkje det vi sa?», så vekkjer funna skepsis hos rovdyrforskarar.

Ulveforskar Petter Wabakken ved Høgskolen i Hedmark har forska på rovdyret i 28 år. Opp gjennom åra har han blitt presentert for ei rekkje påstandar om ulveåtak på menneske.

Kva ein reknar som dokumentasjon er viktig, meiner Wabakken. Kan til dømes eit menneske som blir funne død med merke etter bit vere påført skadane etter at døden inntraff av andre årsaker?

I et forsøksprosjekt ved Norges Landbrukshøgskole freista forskarane aktivt å få kontakt med ulv. Ulvane var radiomerka. Etter at første reaksjon som stans, flukt eller annan endring i åtferd var registrert hos ulvane, stoppa konfrontasjonen.

I alle dei 140 forsøka på å provosere fram møte med ulv, blei det aldri registrert aggresjon eller sjølvforsvar fra ulvane si side. Det gjaldt også i forsøka der en gjekk mot kvelpestaden eller uroa ulv ved blodferske kadaver. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: