Vrøvl på Wikipedia

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Gründeren av internett-leksikonet Wikipedia, Jimmy Wales innrømer at leksikonet er for dårleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(no.wikipedia.org)(no.wikipedia.org)

Han vedgår at mykje av informasjonen ikkje er godt nok sikra for feil, og at innhaldet i nokre tilfelle har vore vrøvl.

Wikipedia vart starta opp i januar 2001 av Wales og Larry Sanger. No har Sanger kome med eit utspel der han ønskjer at ei gruppe med ekspertar skal sjekke informasjonen på det opne leksikonet.

Leksikonet er fritt tilgjengeleg på nettet. Mange trur Wikipedia er ei sikker informasjonskjelde og samanliknar det med etablerte og redaktørstyrte leksikon som til dømes Encyclopedia Britannica.

Men Wikipedia har derimot fått kritikk fordi det gjennom sin opne struktur har samla inn mykje informasjon som viser seg å vere mangelfull og til tider direkte feil.

Også dårlege setningar og uforståelege språk er noko online-leksikonet slit med, skriv Computerworld. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar: