Innstramming for heime-PCar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Folk frå databransjen diskuterte måndag den avgåtte Bondevik-regjeringa si avskjedsgåve: Å stramme inn på den gunstige heime-PC-ordninga som norske arbeidstakarar nyt godt av.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: nextgentel.no)(Foto: nextgentel.no)

Regjeringa Bondevik endra ordninga i det nye statsbudsjettet sitt før ho gikk av.

No avgåtte finansminister Per-Kristian Foss (H) foreslo i budsjettet å setje ei grense på 10 000 kroner fordelt på tre år for skattefritak for datautstyr.

Tidlegare har norske arbeidarar nytt godt av ei ordning utan beløpsgrense.

Den nye Stoltenberg-regjeringa har berre tre veker på seg til å gå gjennom budsjettforslaget til forgjengaren.

IT-bransjen fryktar at hundrevis av arbeidstakarar kan miste jobben som følgje av Foss sitt forslag, dersom ikkje den nye regjeringa tek grep.

Det er eit lite gjennomtenkt forslag, seier dagleg leiar Per M. Grøsvik i selskapet Complit til Dagens Næringsliv.

Ordninga trådde umiddelbart i kraft fredag 14. oktober, då Foss la fram budsjettet sitt. Foss meiner ordninga må strammast inn. Mange har misbrukt ho ved å kjøpe til dømes fleire fotoapparat, videokamera og flatskjerm-TVar, hevdar Foss.

Grøsvik var blant 30 personar frå IT-bransjen som måndag var samla i Telenor sine lokale på Fornebu for å diskutere situasjonen. Han reagerer på at bransjen ikkje eingong fekk forslaget til Foss på høyring. (©NTB)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk