Noreg har størst fødselsoverskot i Norden

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Fødselstalet i Noreg gjekk over talet på døde med 15.750 personar i fjor. Dermed står Noreg med det absolutt største fødselsoverskotet i Norden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill:www.cdc.gov)(Ill:www.cdc.gov)

Det går fram av Nordisk Statistisk Årbok 2005, som nyleg vart gitt ut.

Til samanlikning var det svenske fødsels- overskotet på berre 10.400 personar, trass i at svenskane er dobbelt så mange som oss.

I Finland var fødselsoverskotet på 10.200, i Danmark 8.600 og på Island 2.400.

Av det samla fødselsoverskotet i Norden, står nordmenn for ein tredel, trass i for at folketalet i Noreg berre utgjer en femtedel av befolkninga i Norden.

Sett i samband med folketalet, er fødselsoverskot på Island likevel det aller største. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk