Utedass under Næringsdepartementet!

(NPK): Som grunneigar krev Nærings- og handelsdepartementet å få alle søknader om å setja opp utedass på statens grunn på Svalbard.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Departementet reagerer på at Sysselmannen har sendt ein søknad om å oppføre utedo i Mushamna og ei badstue på Austfjordneset til Miljøverndepartementet, fortel Nordlys.no.

- Som grunneigar har vi ikkje innvendingar mot at det blir etablert bygg i tråd med det som framgår av søknadene.

For framtida vil vi likevel be om at staten vender seg til direkte til NHD ved planar om etablering av slike installasjonar på statens grunn, heiter det i brevet til Sysselmannen på Svalbard. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy