Rådyr jakt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste åra har ein heilt ny måte å mishandle det norske språket på blitt meir og meir vanleg, nemleg orddeling, eller «ord deling», viss du skjønar kva eg meiner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Harald Groven)(Foto: Harald Groven)

Det er ikkje reint få mistydingar som kan oppstå ved berre eit lite mellomrom.

Dette fenomenet er svært utbreidt, og mange hevdar det er presset frå engelsken som har mykje av skylda.

For eksempel bør ein nok passe seg så ein ikkje får Høybråten på nakken dersom ein skal følgje skiltet «røyk fritt».

Og no som hausten er her og jegerane klør i fingrane, kan den slags tidtrøyte fort bli med tanken dersom ein les at no er det «rådyr jakt».

Eit anna eksempel på at orddelinga kan få alvorlege følger er når det blir reklamert stort for at «terrasse dør kr 3990». Ein kan bli trist av mindre….

 (Foto: Harald Groven) (Foto: Harald Groven)

Astronomer mot orddeling, AMO, er ein organisasjon som jobbar for å bevare orda i det norske språket.

Her kan ein finne mange morosame eksempel på orddelingar som fører til at tydinga kan bli ein heilt anna enn den var meint å vere.

Medan de koser dykk med lesinga, skal eg ta turen på butikken for handle «grilla okse lever», eller kanskje eg heller skulle ta «får i kålkjøtt»?


Fleire Nynorsk-artiklar:

Nynorsk