Røde Kors manglar pengar til jordskjelvofra

Oslo (NTB): Det internasjonale Røde Kors har fått inn berre ein firedel av pengane som trengst for å dekkje behovet etter jordskjelvkatastrofen i Pakistan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(foto:unicef.no)(foto:unicef.no)

To millionar overlevande etter katastrofen treng ein teltduk over hovudet.

Behovet er på 150 000 telt mens Røde kors har 35 000 telt på veg inn i området.

Naudhjelpskoordinator Halvor Fossum Lauritzen i Røde Kors seier til Dagbladet at organisasjonen kjøper inn alt som er av telt i verda, utan å ha pengar å betale med.

-Til no har Røde Kors fått 25 prosent dekning på apellen vår. Det er heilt krise. Pengane tar slutt, og då kan ein vente titusenar på titusenar av fleire døde.

Vi slit med å få inn pengar, og det er ti gonger så vanskeleg som etter tsunamien, både økonomisk, politisk og geografisk.

No kjem vinteren. Vi må få til så mykje som mogleg før det. Mange trur visst katastrofa no er over, men det er den ikkje, seier Fossum Lauritzen. (©NTB)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy