66 oljemilliardar og 2,8 i skattelette

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Noreg går så det susar. Økonomien er god og arbeidsløysa går ned. 65, 9 milliardar oljekroner må til for å få Bondevikregjeringas siste budsjett til å gå i hop.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor

Det er lagt opp til skattelette på 2,8 milliardar. Kommunane skal få 2,9 milliardar meir.

Spørsmålet er kva Regjeringa Stoltenberg kjem til å gjere med dette i sitt alternative budsjettframlegg.

Nokre av svara har dei alt gjeve på pressekonferansen på Soria Moria torsdag ettermiddag.

Kommunane skal til dømes få 2,5 milliard meir. Og det blir sikkert endringar på ganske mange «symbol»-tunge budsjettpostar. Dette betyr neppe at det alternative budsjettframlegget frå dei raudgrøne blir dramatisk endra i høve til framlegget frå Bondevik-regjeringa.

- Som regel blir 90 prosent av budsjettet ståande uendra sjølv ved eit regjeringsskifte, svara avtroppande finansminister Per-Kristian Foss då han vart spurt om dette på si eiga pressekonferanse etter at han hadde lagt fram budsjettet fredag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skattereforma


Regjeringa gjer framlegg om redusere formueskatten med 1, 9 milliardar, og redusere toppskatten på høge inntekter med 5,6 milliardar.

Med netto skattelette på 2,8 milliardar meiner Regjeringa at hovudelementa i skattereforma er på plass.

Innslagspunkt for toppskatten skal ifølgje budsjettframlegget vere 400.000 kroner for første trinnet, og 800.000 kroner for trinn 2. Skatteprosenten er også redusert til 7 prosent for første trinn og 12 prosent i neste.

Minstefrådraget aukar med 2,5 prosent til 33,5 prosent, og øvre grense blir heva frå 57.400 til 63.700 kroner. Verdien av auka minstefrådrag er rekna til 2,5 milliardar kroner.

I finanstalen peika Per-Kristian Foss på at styringsrenta i dag er 5 prosent lågare enn i 2001. Dette har dempa presset på kronekursen, og skapt betre tilhøve for næringslivet.

- Saman med eit konjunkturoppsving i internasjonal økonomi, har utviklinga i lønene og kronekursen ført til oppgang i eksporten, sa Foss.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor auka brutto nasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg med 3,5 prosent og denne veksten er venta å bli like stor dette året. Dette er 3 gonger så høgt som i euroområdet.

Inntektene frå olje- og gassindustrien er sjølve grunnlaget for den økonomiske suksessen Noreg opplever samanlikna med andre land.

Saman med den såkalla I den såkalla Handlingsregelen, som tilseier at ein over tid kan bruke den venta avkastinga av Petroleumsfondet, rekna til 4 prosent, har Noreg eit viktig verktøy for å sikre stabil økonomisk styring, sa Foss.

Neste år vil Bondevik-regjeringa bruke 65,9 milliardar oljekroner. Dette er 12 milliardar meir enn handlingsregelen gjev rom for. Men overforbruket er kraftig redusert sidan i fjor, frå 22 til 12 milliardar.

- Norsk økonomi er solid, sa Foss. - Stortingsfleirtalet som skal forvalte den økonomiske politikken i neste periode kjem til dekka bord. Dette er eit fantastisk utgangspunkt. Men utfordringane er store, minna han om, og nemnde eldrebølgje og pensjonsreform, utdanning, forsking og arbeidslivet som sentrale område å ha fokus på i åra som kjem. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk