Styrkjer språk og litteratur
Den lenge planlagde innkjøpsordninga for sakprosa vart etablert i sommar og vert vidareført med heilårsverknad i 2006. 10 millionar kroner er øyremerkt den nye innkjøpsordninga i 2006.
Språkrådet får ein auke på 1,5 million kroner, blant anna til to nye stillingar som ledd i arbeidet med å byggje opp ei konsulentteneste for eit betre og meir forståeleg offentleg språk.
Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-dagene får status som knytepunktinstitusjon. Tilskotet til festivalen er foreslått auka med 0,4 million kroner, slik at samla tilskot vert 1,3 million kroner.
Tilskotet til «Foreningen! les» vert auka med 1,1 million kroner til to millionar kroner. Foreininga arbeider for å fremje lesing, særleg blant barn og unge.
Tilskotet til Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet (NORLA) vert auka med 1,5 million kroner til vel 8,6 millionar kroner. NORLA arbeider med å informere om og formidle norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet i samarbeid med norske forlag og andre organ.
Norsk Ordbok 2014 skal vere ferdig i jubileumsåret 2014. For å oppretthalde framdrifta vil regjeringa auke tilskotet til prosjektet med vel 1 million kroner til 10,7 millionar kroner.
Tilskotet til Kvæntunet - senter for kvænsk språk og kultur - vil få ein auke på nær 1,7 million kroner til 3,3 millionar kroner. (NPK)