Meny

Jobbe mindre - leve meir?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Korleis ville det vere viss 6-timarsdagen blei innført i Noreg? Kan det verkeleg kan late seg gjennomføre? Vi har sett nærare på saka.

Boka Boka "6-timersdagen på Kellogs". (Foto: heis.no)

Ikkje noko nytt

6-timersdagen er ikkje noko nytt påfunn. Kellogs Factories i USA innførte 6-timars skift i 1930, og heldt fram med det heilt til 1985.


Ny bok


No er boka om erfaringane frå Kellogs utgitt på norsk.

Organisasjonen «For 6-timersdagen», med støtte frå kvinne- og fagrørsla, ga nettopp ut den norske utgåva med tittelen «6-timersdagen på Kellogs».


Meir tid til å leve


Det kjem fram i boka, i følgje heismontørane sin nettstad, at Kellogsarbeidarane opplevde at dei fekk betre tid til familien, meir tid til husarbeid, auka samfunnsaktivitet, tid til idrett og fritidsaktivitetar og til å snakke med naboen.

Sjukefråveret gjekk ned, og effiktiviteten gjekk opp.

Også i dag


Også i dag er det bedrifter som har innført 6-timarsdagen. Toyota i Gøteborg fann ut at dei kunne auke potensialet til produksjonsutstyret ved å innføre to sekstimars skift i staden for eitt på åtte timar. Resultatet av dette er så langt større effektivitet, mindre sjukefråver og meir fornøyde kundar.

Ved Nardo Bil Trondheim blei 6-timersdagen innført i februar i år.

- Eg har fått meir tid og energi til familien. I tillegg har eg tid til å ordne private ærend både før og etter jobb, seier verkstadarbeider Robert Coucheron til nrk.no.

Langsiktig mål

Ingen trur at 6-timars normal arbeidsdag vert innført med det første. Jens Stoltenberg er 110 prosent sikker på at det ikkje kjem til å skje dei neste fire åra. Men for LO er det eit langsiktig mål at 6-timarsdagen skal verte normalen. Og fleire bedrifter kjem til å setje i gang prøveordningar, i følgje LO.




Kjelder:


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus