Meir pengar på kjæledyra

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): I fjor spanderte vi 2,3 milliardar kroner på kjæledyra våre, ein auke på 70 millionar frå året før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er sal av hunde- og kattefôr som utgjer den desidert største delen av forbruket vårt på kjæledyr, drygt 1,8 milliard kroner.

Til saman er det nesten halvannan million kjæledyr her i landet.

1,1 million hundar og kattar og 350.000 andre typar kjæledyr som gnagarar og fuglar, viser tal frå analyseselskapet Euromonitor.

- Grunnen til at vi brukar meir pengar på kjæledyra våre, er at mange hunde- og katteeigarar er blitt klar over at det ikkje er bra å fôre dyr med matrestar og brødmat, seier dagleg leiar Morten Baastad i Premium Pet Products (PPP) til Newswire.

Selskapet er landets største importør av fôr, som berre vert selt i spesialbutikkar og hos veterinærar. PPP opplever ein vekst som er langt større en for bransjen generelt. Omsetnaden er fordobla på åtte år, og i år aukar salet med 10 millionar kroner.

Medan fleirtalet av hunde- og katteeigarar kjøper fôr på supermarknaden, er fôr blitt ein stadig viktigare del av omsetnaden for landets dyrebutikkar og veterinærklinikkar.

Halvparten av omsetnaden i landets dyrebutikkar er fôr til katt og hund. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk