Friske milliardar til kommunane

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): 5,4 milliardar kroner til kommunane i 2006, billigare barnehagar, norske soldatar ut av Irak og Afghanistan. Ingen lokalsjukehus blir nedlagt. Dette er blant hovudpunkta i regjeringserklæringa

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Stortinget.no)(Foto: Stortinget.no)

- Historisk, var nemninga Jens Stoltenberg brukte om det som no blir landets første fleirtalsregjering på 20 år.

Det var tid for store ord høg stemning. Og det var i alle fall ikkje Senterpartiet og Åslaug Haga som hadde minst grunn til å smile.

Det kan sjå ut for at det minste regjeringspartiet har fått solid gjennomslag for krava sine.

Arbeidarpartiet får ti statsrådar i den nye regjeringa, SV får fem og Senterpartiet fire, stadfesta Jens Stoltenberg på Soria Moria torsdag ettermiddag.

Det betyr at Arbeidarpartiet er sikra fleirtal i regjeringa. Senterpartiet er sikra ein statssekretær i Utanriksdepartementet.

Det blir spekulert kraftig på fordelinga av dei ulike departementa. Dei fleste tips går i retning av ein slik kabal:

Senterpartiet får Kommunal- og distriktsdepartementet, Landbruksdepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Arbeiderpartiet.no)(Foto: Arbeiderpartiet.no)

Arbeidarpartiet får Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet, Næringsdepartementet, Kulturdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Familie-, likestilling- og integreringsdepartementet, Helse og omsorgsdepartementet og Fiskeridepartementet.

SV får Finansdepartementet, Bistandsdepartementet, Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet og Administrasjonsdepartementet.
Departementsstruktur og namn på statsrådar blir først kjent måndag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Friske kommunepengar


De raudgrøne regjeringspartia vil auke dei frie inntektene til kommunane 5,4 milliardar kroner neste år.

Makspris i barnehagane skal vere på 2250 kroner, lovar dei tre partia. Makspris på 1750 skal innførast seinast i 2007.

Både makspris og full barnehagedekning skal vere fullfinansiert av Staten. Samtidig vil regjeringa setje i verk ein tiltaksplan for å auke talet på førskulelærarar i barnehagane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barnefamiliane


Regjeringa vil også forlengje pappapermisjonen frå fem til 10 veker. Kvar av foreldra skal gis fødselspengar basert på eiga inntekt. Skulen skal styrkast med fleire lærarar og fleire timar. Kontantstøtta skal vidareførast.

Regjeringa vil gjennomgå lovverk og støtteordningar for private skular, for å stramme inn utbreiinga av private skular som ikkje utgjer eit religiøst eller pedagogisk alternativ til den offentlege skulen. Det skal bli 10.000 fleire årsverk i eldreomsorga.

Dei raudgrøne går inn for kjønnsnøytral ekteskapslov, men Senterpartiet får reservere seg. Venstre går også inn for kjønnsnøytral ekteskapslov. Dermed kan det bli fleirtal for dette i Stortinget sjølv om eit av regjeringspartia ikkje pliktar seg til å støtte forslaget.

Noreg vil ikkje søkje om medlemskap i EU dei komande fire åra.

Regjeringa vil avvikle Noregs bidrag i operasjon Enduring Freedom i Afghanistan når mandatperioden er over. Soldatane i Irak blir trekt ut så fort som mogleg.

Regjeringa vil styrke rettane til mellombels tilsette. Ny lov kjem før jul. Det blir dessutan meir pengar til arbeidsmarknadstiltak.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Olje og gass i nord


Det blir olje- og gassverksemd i nord. Avgjerda om framtidig oljeleiting utanfor Lofoten og Vesterålen vil først bli avklart neste vår når ei samla plan for ressursforvalting er klar.

Gasskraftverk med CO2-reinsing kan byggjast. Regjeringa vil ta rekninga for å reinse gasskraftverk på Kårstø, Skogn og Kollsnes.

Vefsna-vassdraget blir vernet. Det blir mindre lønsamt å byggje småkraftverk. Det blir innført forsøk med sekstimarsdag og kortare arbeidstid.

Regjeringspartia vil trappe opp kultursatsinga til 1 prosent av statsbudsjettet innan 2014.

Det skal dessutan etablerast ein fraktutjamningsordning, og den differensierte arbeidsgivaravgifta skal innførast på nytt for å styrke distrikts-Noreg.

Dei raudgrøne lovar også kraftig satsing på samferdsel, til dømes når det gjeld riksvegferjer og breiband.

Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Alle helseføretak skal ha fleirtal av folkevalde i styrande organ. Dette betyr blant anna at lokalsjukehusa i Odda og Lærdal blir freda. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk