Breim Noregs Countryhovudstad

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette er det dei ser føre seg, prosjektgruppa som jobbar med ideen om at countryfestivalen i Breim skal bli Nasjonalt senter for country - i Sogn og Fjordane!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vassendgutane. (Foto: Vassendgutane.com)Vassendgutane. (Foto: Vassendgutane.com)

Eit nasjonalt kompetansesenter for countrymusikk, og eit opplevingssenter for heile familien.

Dette er det dei ser føre seg, prosjektgruppa som jobbar med ideen om at countryfestivalen i Breim kan utvikle seg til eit nasjonalt senter.

I 11 år har Norsk Countrytreff vore skipa til i Breim i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

Eit stort dugnadsapparat har vore i sving kvar sommar, og på det meste har 600 frivillige frå Breim og bygdene rundt sørgt for ramma rundt country-musikken.

B-kultur


Prosjektgruppa legg vekt på at countrymusikken er sett på som B-kultur, ikkje berre musikalsk og stilmessig, men óg politisk.

Dei meiner det ligg eit stort paradoks i at mens countrymusikken synest å vere politisk usynleg, samstundes som dei ser ein aukande skare som dyrkar musikken og stilen.

Dei ønskjer å auke statusen for countrymusikken, og vere med å utvikle ei av dei største musikalske og folkelege rørslene i landet, heiter det i eit prosjektnotat.


Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skikkeleg countrystemning i Brein. (Foto: norskcountrytreff.no)Skikkeleg countrystemning i Brein. (Foto: norskcountrytreff.no)

Internasjonale artistar


Sist sommar kunne eit begeistra publikum i Breim mellom andre oppleve artistane Billy Yates og Ricky Skaggs frå USA og Snörurnar frå Island.

Av norske artistar stilte Morten Vestly, Ove Støylen, G Thomas, Long Horn og Vassendgutane.

Alt sydd saman av konferansierane Ottar 'Big Hand' Johansen og Tore Andersen.



Kjelder:


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk