Vil endre dei nasjonale prøvene

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Utdanningsdirektoratet vil vurdere endringar i opplegget for dei nasjonale prøvene neste år. - Det er veikskapar ved kvaliteten og prøvene er ikkje pålitelege nok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

 Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet

Dette meiner ei forskargruppe ved Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo.

Dei presenterer no ein rapport om dei nasjonale prøvene. Prøvene har vore under stadig vurdering av universitetsmiljøa som har utvikla dei.

Dei nasjonale prøvene vart gjennomført sist vår for elevar på 4., 7. og 10. trinn, samt grunnkurs.

ILS meiner at resultata i lesing og matematikk på 4., 7. og 10. trinn kan bli publisert.

Derimot foreslår forskargruppa at resultata frå engelsk og skriveprøva i norsk ikkje skal bli publisert.

Resultata frå grunnkurs blir heller ikkje tilrådd gitt ut, på grunn av låg gjennomføring.

- Mykje har faktisk blitt endra, både ved prøvene og gjennomføringa. Vi tek kritikken på alvor og vil no vurdere endringar i opplegget for dei nasjonale prøvene.

Men først vil vi drøfte evalueringsrapporten med fagmiljøa som utviklar prøvene for oss, seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar