Meny

Portoauke trugar avismangfaldet

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Posten raslar med sablane og trugar igjen med å auke portoen. Avisverda reagerer kraftig på det dei ser på som urimelege krav og manglande forhandlingsvilje.

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Olav Bergo i Mediabedriftenes landsforening (MBL) meiner det nye portokravet frå Posten er urimeleg, og frykter avisdød som følgje av det. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)Olav Bergo i Mediabedriftenes landsforening (MBL) meiner det nye portokravet frå Posten er urimeleg, og frykter avisdød som følgje av det. (Foto: Anders Malm, NPK, NPK)

Avisorganisasjonane Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser reagerer kraftig på det som kan vere nådestøyten for mange økonomisk pressa aviser.

Enkelte typar aviser kan få meir enn dobla utgiftene til porto.

Hardast vil det gå ut over riksspreidde, meiningsberande vekeaviser. Redaktør i Morgenbladet, Alf van der Hagen, seier han er forbanna.

- For Morgenbladet vil dette gje ein auke i utgiftene til porto på 1,5 millionar kroner. Det tilsvarar lønna til halvparten av våre journalistar, seier van der Hagen.

Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, meiner Stortinget no må vere medvete ansvaret sitt, og leggje nye føringar for Posten.

- Desse problema starta då Posten vart frislept. Stortinget slapp Posten fri med mandat om å tene mest mogleg pengar. Heilt utan tanke på samfunnsansvar, som til dømes å sikre avisene, seier Gjerdåker.

Går til samferdselsministeren


I konsesjonen til Posten står det i punkt 9.2 at dei skal vere med å verne sterke samfunnsinteresser som ytringsfridom og mediemangfald.

Tora Herud i Klar Tale (t.v), Tomas Bruvik i LLA, Grete Furnes i Sulaposten og Ola Relling i Dag og Tid er mellom dei som er svært uroa for ein varsla portoauke. (Foto: Geir K. Hus, LLA, NPK)Tora Herud i Klar Tale (t.v), Tomas Bruvik i LLA, Grete Furnes i Sulaposten og Ola Relling i Dag og Tid er mellom dei som er svært uroa for ein varsla portoauke. (Foto: Geir K. Hus, LLA, NPK)



- Eksistensen til ei mengde aviser er no truga truga, seier Olav Bergo i MBL, som leiar forhandlingane med Posten.

No vil MBL og LLA be Postens eigar, samferdselsministeren, om å ta affære.

- Dette er dramatisk og det vil vere trist om ikkje politikarane som eigar av Posten har vilje og høve til å krevje at Posten tek samfunnsansvar. Vi er makteslause, seier Tomas Bruvik, styreleiar i LLA.

Vidare har juridiske utgreiingar gitt håp om at det kan vere interessant for Konkurransetilsynet å sjå nærare på marknadsrolla til Posten. Både MBL og LLA meiner Posten misbrukar den dominerande stillinga si.

- Krava til Posten truer eksistensen til mange aviser og vil føre til ein alvorleg svekking av mangfaldet blant aviser over heile landet. Vi opplever det slik at Posten misbrukar si dominerande stilling, seier Olav Bergo.

- Vi treng vekeavisene


Slik forhandlingane står no, vil krava frå Posten føre med seg alvorlege konsekvensar:

Riksspreidde vekeaviser får meir enn dobla portoutgiftene.
Vekeaviser som ikkje brukar Posten lokalt får langt over dobla riksporto.
Kommisjonærpakker med riksporto, det vil seie laussal, får ein auke på om lag 80 prosent.

Tunge aviser kan få ein generell auke på mellom 15 og 20 prosent etter vekt.

Svein Gjerdåker i Dag og Tid har om lag 7.000 abonnentar. Han er redd det kan bli tøft å bere ein auke i portoen på over 100 prosent.

- Aviser som oss har ikkje noko alternativ til Posten. Altså blir vi skvisa. Tiltak som å auke abonnementsprisen og kutte i lønn er ikkje aktuelt, det er ikkje så mykje å ta av.

Noreg treng dei meiningsberande vekeavisene, alternativet er å stå att med berre VG og Dagbladet, seier redaktør Gjerdåker. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus