Kina sende opp romskip

Artikkelen fortsetter under annonsen

Beijing (NTB-Reuters-AFP): Kina sitt andre bemanna romskip går i bane rundt jorda etter at det onsdag morgon tok av frå eit avsidesliggjande ørkenområde nordvest i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skipet med to astronautar ombord skal gå i bane rundt jorda i fem dagar.

Romferda finn stad nesten to år etter at Kina sende folk opp i rommet for første gong. Då blei Kina det tredje landet i verda som har sendt folk ut i rommet.

Astronautane Fei Julong (40) og Nie Haisheng blei handplukka frå 14 kandidatar, som alle er jagerflypilotar.

-Dette er ikkje noko å vere uroleg for. Vi vil fullføre oppdraget resolutt. Vi sjåast i Beijing, sa astronautane til kinesisk TV før dei tok av frå oppskytingsbasen klokka ni lokal tid.

-Oppskytinga var ein suksess, sa statsminister i Kina, Wen Jibao, og la samtidig til at romprogrammet til landet kun skal brukast til fredelege føremål.

Heile nasjonen har venta, og heile verda ser at oppskytinga av den bemanna Shenzhou VI var ein suksess, seier Wen vidare. (©NTB)


Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar