Dårlegare helse blant vikarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Depresjon, søvnproblem og utmatting. Vikarar og mellombels tilsette er meir utsett for både fysiske og psykiske problem enn dei som har fast jobb.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor

Det viser ein finsk gjennomgang av 27 vitskaplege studium frå fleire

Mellombels tilsett ”Vikari- og Ola Nordmann” har dårlegare helse dei som har fast jobb. Men dei er mindre borte frå arbeidet. (Foto: Illustrasjon: Anders Malm, NPK, NPK)Mellombels tilsett ”Vikari- og Ola Nordmann” har dårlegare helse dei som har fast jobb. Men dei er mindre borte frå arbeidet. (Foto: Illustrasjon: Anders Malm, NPK, NPK)

forskjellige land, som no blir presentert av det norske Arbeidstilsynet. Liten tryggleik i forhold til økonomi blir nemnt som ein viktig grunn.

Ei undersøking som vart gjort i Sverige blant 778 korttidstilsette, viste at ein av fem hadde hatt økonomiske problem.

- Meir enn halvparten av desse sa at dei hadde hatt problem med å få lån, på grunn av at dei var mellombels tilsett. Og for nesten like mange hadde det vore eit hinder for husleigekontrakt. Dei som ofte uroa seg for økonomien sin, rapporterte om monaleg meir psykiske og fysiske helseproblem, skriv overlege Ingrid Sivesind Mehlum i Arbeidstilsynet i ein rapport.

Sivesind Mehlum er for tida på reise, og er ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Større sjanse for yrkesskade

Fleire av studia i den finske gjennomgangen viste dessutan at mellombels tilsette hadde høgare risiko for yrkesskader samanlikna med dei som hadde fast jobb.

- Dette kan kome av at vikarar ofte får mindre opplæring og er mindre kjent med rutinar og risikotilhøve på arbeidsplassen. I ei undersøking knytt til svensk arbeidsliv, oppgav ein større del av de mellombels tilsette at dei mangla kunnskap, og at dei ikkje fekk ta del i nødvendig opplæring, fortel Sivesind Mehlum.

At dei var tilsett mellombels gjorde dessutan at det var vanskelegare å kome med kritikk av arbeidsmiljøet, og å få gehør for den, noko som også kan ha betydning for tryggleik og helse.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lågare sjukefråvær

Trass i høgare risiko for både yrkesskader og psykiske problem: vikarane hadde lågare sjukefråvær enn dei fast tilsette, ifølgje den finske gjennomgangen.

- Nokre undersøkingar har vist at dei som er tilsett mellombels har høgare terskel for å bli heime ved sjukdom enn fast tilsette. Det vil seie at dei i større grad går på jobb når de er sjuke, skriv den norske overlegen i rapporten.

Ho meiner og det er viktig å ta omsyn til at det er stor skilnad på mellombelse stillingar når det gjelder arbeidsforhold og høve til utvikling. Dei behovstilsette rapporterer om flest helseproblem. I desse yrka er kvinner sterkt overrepresentert. Desse finst spesielt innan helse- og sosialarbeid, handel og i hotell- og restaurantbransjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ny arbeidsmiljølov

Ifølgje Statistisk sentralbyrå utgjorde mellombels tilsette 10 prosent av alle tilsette i fjor. Dei fleste av desse var tilsett i primærnæringane, hotell- og restaurantbransjen, helse- og sosialtenester og undervisning. Dobbelt så mange kvinner som menn i alderen 30 til 54 år var mellombels tilsett.

Påtroppande statsminister Jens Stoltenberg har varsla endringar i den nye arbeidsmiljølova, som vart vedteke av den sitjande Bondevik-regjeringa. Stoltenberg har gjort det klart at lova ikkje kjem til å tre i kraft frå nyttår, slik den avgåande regjeringa har bestemt. Lova opna for meir bruk av midlertidige tilsetjingar og overtid. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar