Meny

Hardangervidda blir vinnaren

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Trafikantane vil velje Rv7 når Hardangerbrua står ferdig. E16 og E134 taper terreng, skriv avisa Hallingdølen.

Prognosane som Samferdsledepartementet legg fram i samband med

(ill: www.hardangerbrua.no)(ill: www.hardangerbrua.no)

proposisjonen om Hardangerbrua viser at trafikantane truleg kjem til å ta vegen over Vidda, og at heilårsvegen over Haukeli og stamvegen over Valdres og Sogn kjem til å få monaleg mindre trafikk.

I dag er om lag 1.100 køyretøy i døgnet som brukar ferjesambandet over Hardangerfjorden. Den nye brua vil få langt bortimot ei dobling av trafikken, meiner Samferdsledepartementet, som trur at døgntrafikken vil bli om lag 1.950

(ill: www.hardangerbrua.no)(ill: www.hardangerbrua.no)

køyretøy. Dermed vil trafikken over Hardangervidda auke frå 900 til 1.300 når brua er ferdig.

Tilsvarande vil den såkalla årsdøgntrafikken på E134 over Haukeli gå ned frå 1.100 til 1.000, medan E16 over Gudvangen og Valdres vil få ein pårekna reduksjon frå 1.350 utan bru til 1.000 med ny Hardangerbru på plass. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus